Dyrlegens kvardag
Viktig med funksjonelle kalvingsbingar

Eg ser ein del fjøsar, både nye og gamle, og eg har av og til tenkt over at kalvingsbingane kan ha eit forbetringspotensiale, særleg når ein planlegg nybygg. Det er viktig at desse bingane er funksjonelle og er trivelege å bruka, både for dyra og bonden, og at dei faktisk vert brukt til kalvingar og sjuke dyr.
Frilansar Buskap
Ved nybygg tenkjer eg at her må ein vera bevisst heilt frå planleggingsstadiet korleis ein vil ha desse bingane. Dei bør vera i tilknyting til lausdrifta eller sinkuavdeling viss ein har det, slik at det ikkje vert kronglete å flytta dyr til og frå desse bingane. Dyr som vert sett i bingen bør og sjå andre dyr, for utan kontakt med andre, kan dei bli stressa og mistrivast i bingen.
«Min» kalvingsbinge

Her er tre kalvingsbingar i bruk ved konsentrert kalving i lausdriftsfjøs frå 1991. Desse bingane fungerer godt, men her må tallen køyrast ut i trillebår. Her har dyra i bingane god kontakt med resten i lausdrifta, og det er lett å flytta dyr inn og ut av bingane. Bingane er også i nærleiken av roboten der det er eige uttak for mjølking på spann.
Foto: Privat
Viss eg skulle bygt kalvingsbinge, ville eg hatt romsleg binge med tett golv med rikeleg med halm slik at underlaget vert tørt, reint, mjukt og sklisikkert. Bingane bør planleggjast slik at det er lett å ta ut brukt halm med maskiner, slik at ein slepp å stå med greip og trillebåre. Bingane må også vera slik at det er lett å få ut daude dyr viss nokon stryk med eller må avlivast i bingen. Fronten bør ha fanghekk, slik at kua kan låsast fast ved behov.
Bruk bingane
Viss bingane er funksjonelle og lette å bruka, er det også lettare å bruka dei. Eg trur at ein del skader på dyr med påfølgande naudslakt, kunne vore unngått viss kalvingsbingane hadde vorte meir brukt. Framleis skjer ein del kalvingar i lausdriftene, og kyr som av ulike grunnar vert svekka etter kalving, kan fort bli offer for andre dyr og få juling av dei. Dette er både vondt for kyr som vert ramma og tapsbringande for bonden. Det er skikkeleg ergerleg å måtte naudslakta ei ku som kunne vore unngått viss kalvingsbingane hadde vorte brukt slik dei er meint.
Kalving i bingen
Det er krav om minst ein binge per 25 kalvingar, og viss det er konsentrert kalvingsperiode, bør det vera fleire bingar. Viss det er stort press på bingane, kan ein til dømes la ku og kalv gå saman til etterbyrda er kommen og ein ser kua kjem seg til att etter kalvinga, og ved god kapasitet kan dei gå saman lenger. Her er det mange variantar som fungerer, og det er ingen fasit.



